Firefly

1 Årstid
11 Episode

Firefly


(2171 votes, average: 8.30/ 10)

48 minutter 2025 HD

  • Share

Datert nesten 500 år inn i fremtiden følger denne kortlevde og høyt elskede serien det lurvete mannskapet på romskipet Serenity.

img

Årstid

Kommentar :

Registrer deg gratis nå ... Rask registrering!

  • filmdagbok subscriber 2023, May 02

    Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgjar og usannsynleg, men vonleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet. *Firefly* er *Buffy the Vampire Slayer*-skaparen Joss Whedon sitt science fiction- og westernbarn med stort potensiale der berre små bitar får sjansen til å bli utforska. Captain Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg å sette i bås, valfartar frå planet til planet i romskipet Serenity — eit 03-K64-Firefly type romskip for å spesifisere. Dei ulike planetane har likskapar med små byar i ville vesten-historier og likskapane sluttar heller ikkje her. *Firefly* gir science fiction ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft å ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men også humor og utradisjonelle vendingar. I løpet av sine fjorten episodar klarer denne serien å skape utgangspunktet for ein eigen mytologi eller univers av planetar, folk og historier. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk så mørke delen av universsamfunnet — Alliansen — ligg ein verdsromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre får vite smakebitar frå. Nok igjen ein snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt på borgarkrigen i Nord-Amerika. Romskipet Serenity får i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie måtte fortsette i filmen *Serenity* for å spele seg ut vidare mot ei avslutting. At Simon (Sean Maher) og River (Summer Glau), som passasjerane heiter, er rota til ein del trøbbel er ikkje å legge skjul på, men den største gleda av å følge serien ligg i at kvar enkelt episode enten leverer solid spenning, spenning og nye historiske spor, spenning og Simon/River-historie. Du ser mønsteret — det er alltid spennande uansett kva som måtte skje. Det er lett å skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite å sei om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og då med skryt for ikkje å dumme deg sjølv ut ved å innrømme at du har brukt tid på noko du eigentleg ikkje likar — kven vil finne på slikt? Skrytet til *Firefly* er velfortent, i lag med *Battlestar Galactica* er det min science fiction-favoritt, med ein knapp på *Firefly*. Alt blir ikkje forklart så godt som eg skulle ønske, på grunn av den avgrensa sesongen, men her ligg også litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei så positiv oppleving med lysta på meir. Eg vil også nemna på tampen at eg har sett *Firefly* to gonger før, noko eg nemner for å kunne uttrykke at eg ikkje berre synst dette er ein fin serie i rushet etter å ha fullført serien, men at denne overraskar ved å vere like solid ved eit gjensyn som han gav inntrykk av å vere førre gangen eg så han.

    0 8

Lignende

Anbefaling

  • 2004
    img

    Battlestar Galactica

    Battlestar Galactica

    8.20 2004 HD

    When an old enemy, the Cylons, resurface and obliterate the 12 colonies, the crew of the aged Galactica protect a small civilian fleet - the last of...

    img
  • 2003
    img

    Arrested Development

    Arrested Development

    7.93 2003 HD

    The story of a wealthy family that lost everything, and the one son who had no choice but to keep them all together.

    img
  • 2009
    img

    Dollhouse

    Dollhouse

    7.20 2009 HD

    Echo is a member of a highly illegal and underground group of individuals whose personalities have been wiped clean so they can be imprinted with any...

    img
  • 2013
    img

    Almost Human

    Almost Human

    7.40 2013 HD

    The year is 2048. By mandate, every cop must partner with a robot. Detective John Kennex returns to work after waking up from a 17-month coma. As he...

    img
  • 1994
    img

    Babylon 5

    Babylon 5

    8.00 1994 HD

    Babylon 5 is a five-mile long space station located in neutral space. Built by the Earth Alliance in the 2250s, its goal is to maintain peace among...

    img
  • 1997
    img

    Stargate SG-1

    Stargate SG-1

    8.28 1997 HD

    The story of Stargate SG-1 begins about a year after the events of the feature film, when the United States government learns that an ancient alien...

    img
  • 1999
    img

    Freaks and Geeks

    Freaks and Geeks

    8.20 1999 HD

    High school mathlete Lindsay Weir rebels and begins hanging out with a crowd of burnouts (the "freaks"), while her brother Sam Weir navigates a...

    img
  • 2009
    img

    FlashForward

    FlashForward

    7.00 2009 HD

    When the entire world blacks out for two minutes and seventeen seconds, everyone sees a flash of their own future 6 months from the present. For...

    img
  • 1987
    img

    Star Trek: The Next Generation

    Star Trek: The Next Generation

    8.40 1987 HD

    Follow the intergalactic adventures of Capt. Jean-Luc Picard and his loyal crew aboard the all-new USS Enterprise NCC-1701D, as they explore new...

    img
  • 2003
    img

    Battlestar Galactica

    Battlestar Galactica

    8.20 2003 HD

    I denne nyversjonen av science-fiction-klassikeren fra slutten av 70-tallet følger vi et romskip som beskytter de overlevende etter at...

    img