img

Årstid

Kommentar :

Registrer deg gratis nå ... Rask registrering!

  • filmdagbok subscriber 2023, May 02

    I løpet av rundt åtte veker såg eg folk gå til behandling hjå psykolog Dr. Paul Weston (Gabriel Byrne) 43 gonger. Og åtte gonger såg eg Weston i samtale med sin eigen psykolog. Dette var første sesong av *HBO*-serien *In Treatment*. Grunnane til at folk gjekk til Weston var mange. Sjølvmordstankar, samlivsproblem, ustabil psyke og meir. *In Treatment* er altså serien om Paul Weston og pasientane hans. Gabriel Byrne er ein høgst kapabel skodespelar til å sitje i stolen sin og nikke til psykobabbel. Fire dagar i veka, måndag, tysdag, onsdag og torsdag, møter me eit utval av dei mest interessante pasientane hans. Serien er bygd opp rundt kontoret og timane til pasientane i form av episodar på 25–30 minuttar, med ein og annan avstikkar etter kvart. Styrken til kvar og ein serie er i lengda karakterdjupn. *In Treatment* må ha gode karakterar for å fungere, det har han også, så det fungerer, enkelt og greit. Det fungerer faktisk veldig greit, eg elska serien allereie etter å ha møtt pasientane berre ein gong kvar. Trass i at dette har gått føre seg kvar dag i mange veker, akkurat slik såpeseriar gjer, er ikkje *In Treatment* akkurat såpe. Det er ein *prime time*-serie med gode kvalitetar i form av svært intense og emosjonelle utleveringar. *In Treatment* gjorde meg nok mykje hekta på grunn av konseptet som byr på store mengder med episodar i løpet av kort tid. Eg elskar å stadig ha tilgang på noko eg likar. At det likevel har blitt avgrensa til ein episode om dagen har gjort meg lengtande etter meir heile vegen. Tidsrommet til serien går føre seg i ein periode der Paul sjølv er i ein spesiell livssituasjon, så vit at det her er fylt på med nok av dramatikk. Eg spurte meg sjølv undervegs kor realistisk serien kan vere samanlikna med livet til ein psykolog og forholdet hans til pasientane sine. Men eg gjorde aldri tankerekka så dryg at det fekk meg til å stille spørsmål rundt i kva grad eg kan ha glede av å følge serien. Heller ikkje det at møte mellom psykolog og pasient er svært intimt fekk meg til å løfte augnebryna særleg. Eg sluker opp ting som skjer med andre like mykje som andre. Menneske lev jo gjerne på å sette sitt liv opp mot andre sitt. Eg har stort sett skrive om første sesong her. Dei to neste sesongane følger oppskrifta, men med færre episodar kvar. Og med ein snev meir innhald om privatlivet til Paul Weston. Karakterane der er stort sett like interessante som før, sjølv om effekten ikkje blir like stor med færre episodar. Uansett er det ein god serie som eg vil anbefale. Fjerde sesong er ein skikkeleg attpåklatt som kom i 2021. Første episode ga meg eit dårleg inntrykk, men resten av sesongen leverte godt. Eg var ikkje på bølgelengde med det som var meint å vere dei gode meiningane. Og det personlege dramaet var litt vel drygt, men pasientane var gode.

    0 8

Lignende

Anbefaling

  • 2014
    img

    Mr. Sloane

    Mr. Sloane

    7.24 2014 HD

    Mr. Sloane's titular character is a buttoned-down 1960's man in crisis. Between his failed attempts at marriage, career success and even suicide,...

    img
  • 1991
    img

    Familie

    Familie

    6.10 1991 HD

    'Familie' is the longest running Belgian soap opera. The Van den Bossches originally had an electronics company, later a holding company that...

    img
  • 1982
    img

    Tales of the Gold Monkey

    Tales of the Gold Monkey

    7.50 1982 HD

    In a backwater corner of the South Pacific in 1938, a young American adventurer and his ragtag group of friends become involved in death-defying...

    img
  • 2021
    img

    Cooking With Paris

    Cooking With Paris

    6.40 2021 HD

    Paris Hilton can cook...kind of. And she’s turning the traditional cooking show upside down. She’s not a trained chef and she’s not...

    img
  • 2017
    img

    Innocent

    Innocent

    7.55 2017 HD

    In a peaceful, rustic town, a retired officer and his family are mired in a murder mystery riddled with shocking, buried secrets.

    img
  • 2021
    img

    Schmigadoon!

    Schmigadoon!

    7.02 2021 HD

    Josh og Melissa er et ulykkelig ektepar som får livet snudd opp-ned når de blir fanget i en magisk musikal-by og får et oppdrag de...

    img
  • 2015
    img

    Doctor Foster

    Doctor Foster

    7.06 2015 HD

    A woman suspects her husband of having an affair. After following several lines of enquiries far more unravels including a streak of violence below...

    img
  • 2015
    img

    Unforgotten

    Unforgotten

    7.60 2015 HD

    London police detectives Cassie Stuart and Sunny Khan investigate historic cold cases involving missing persons, murder and long-hidden secrets.

    img
  • 2010
    img

    Borgen

    Borgen

    8.00 2010 HD

    40-year old political leader Birgitte Nyborg secures her party a landslide victory through her idealism and huge effort, then faces the biggest...

    img
  • 2017
    img

    The Bold Type

    The Bold Type

    7.80 2017 HD

    A glimpse into the outrageous lives of Jane, Kat and Sutton, who are working at the nation's top women's magazine, Scarlet, while navigating their...

    img