
Flyvende dolker
En dyp revne mellom kjærlighet og lojalitet kommer til syne i det gamle Kina.
På tampen av Tang-dynastiet i Kina utkjempes en kamp mellom de revolusjonære Flyvende dolker og lovens håndhevere. Midt i striden kommer kjærligheten inn og forvandler fiender til elskere. Men Amors piler har ingen plass der sverdet er enerådende.
- År: 2004
- Land: Australia, China, Hong Kong, United States of America
- Sjanger: Adventure, Drama, Action
- Ettromsleilighet: Beijing New Picture Film Co. Ltd., China Film Co-Production Corp., Elite Group Enterprises, Zhang Yimou Studio, Focus Features, Sony Pictures Classics, Edko Films, Animal Logic
- Nøkkelord: rebellion, martial arts, government, china, swordplay, tang dynasty, dagger, wuxia, 9th century
- Regissør: 张艺谋
- Cast: 金城武, 劉德華, 章子怡, Song Dandan, 赵鸿飞, Jun Guo
Som stor fan av kampsportfilmar såg eg fram til denne filmen heilt frå første gong eg høyrte om han. *Ying xiong* er ein av filmane eg set høgt, og med *Shi mian mai fu* som den nyaste filmen til regissøren bak *Ying xiong*, Yimou Zhang, hadde eg store forventningar. Det var ikkje så mykje slåsting som eg hadde trudd det kom til å bli, men likevel ein god del. Det romantiske var sentralt i filmen, både i historia og bilde. I *Ying xiong* handlar det meir om kampar, og det romantiske var meir i bakgrunnen. Ein fin ting med filmen er at han, i desse dagar med mange spesialeffektar, ikkje overdriv med altfor fantastiske rørsler. Sjølv om det nok er litt. Filmen er elles vakker og strålar med god fargebruk. Handlinga er lagt til hausten, som i *Ying xiong*, så Yimou Zhang har flittig brukt haustfarga tre i bakgrunnen. Filmen er også kjent som *House of Flying Daggers*.