
Snabba Cash II
JW - en gang en lovende økonomistudent med litt for høy lyst på raske penger. Nå betaler han prisen - fire år i fengsel. JW har en plan for hvordan han skal snu om livet til det bedre, men en dag snus alt på hodet når en ny, livsfarlig fange ankommer anstalten, en mann fra JWs voldelige fortid - Mrado Slovovic. Jorge Salinas - kokainkonge fra Sollentuna, vender tilbake til Stockholm etter tre år i landflyktighet.
- År: 2012
- Land: Germany, Sweden
- Sjanger: Crime, Drama, Action
- Ettromsleilighet: Nordisk Film Denmark, Nordsvensk Filmunderhållning, Hobohm Brothers, ZDF/Arte, SVT, Film i Väst, Tre Vänner, Nordisk Film & TV Fond, Canal+, Network Movie
- Nøkkelord:
- Regissør: Babak Najafi
- Cast: Joel Kinnaman, Matias Varela, Dragomir Mrsic, Fares Fares, Madeleine Martin, Dejan Čukić
*Snabba cash II* er den andre av tre *Snabba cash*-filmar som kom tidleg på 2010-talet. Det er ein film som følgjer opp karakterane frå den første filmen ei lita stund etter handlinga i den første filmen blei avslutta. Med denne filmen er det rett i krim og thriller med ein gong. *Snabba cash* gjorde unna introduksjonen til det kriminelle miljøet som me no blir dratt mot igjen. Eg såg denne filmen dagen etter den første, så for min del blei det litt som å sjå ein serie. Då er det litt vanskeleg å skrive om han som ein sjølvstendig film, men eg skal forsøke. Trass i at du bør ha kjennskap til karakterane på førehand, trur eg handlinga her fungerer godt på eigne bein. Ny handling blir introdusert, og nokre nye karakterar til å bistå. Totalen for min del er iallfall at dette er god spenning og underhalding frå start til slutt. Filmen er litt kortare enn forgjengaren sin, noko som passar godt då han kjem tidlegare i gong med det mest dramatiske. Likte du *Snabba cash* så kan du trygt følgje opp med *Snabba cash II*. Men har du ikkje sett den første filmen, ser eg ingen grunn til at du skal gå rett på denne.