
Alpha
- År: 2018
- Land: Canada, United States of America
- Sjanger: Adventure, Drama
- Ettromsleilighet: Studio 8, Columbia Pictures
- Nøkkelord: wolf, ice age, human animal relationship, wilderness, survival, prehistory, snow, saber-toothed tiger, boy and dog, injury, pets, bison, upper palaeolithic, boar, appreciative, empathetic
- Regissør: Albert Hughes
- Cast: Kodi Smit-McPhee, Jóhannes Haukur Jóhannesson, Marcin Kowalczyk, Jens Hultén, Natassia Malthe, Spencer Bogaert
I ei historie lagt til ein stad i Europa for 20 000 år sidan, blir ein ungdom med på den første store jakta si etter å ha klart dei nødvendige prøvane. I lag med andre menn frå stamma legg han ut på ei lang reise for å jakte på bøflar. Jakta er viktig for å kunne fø stamma, men midt i den mest kritiske delen av ho så skjer det noko alvorleg med ungdommen. Plakaten viser eit bilde av guten og ein ulv, side om side. Og med teksten under seier filmen at han handlar om korleis menneska fekk hunden som kjæledyr. Eg treng ikkje sei stort meir om tematikken, og heller ikkje om framgangen i filmen. Då eg vil gi moglegheita til å oppleve filmen ufortalt vidare til andre. Fiffige sider ved _Alpha_ er lite snakking, men eit eldre eller framand språk når det først blir sagt noko. Spesialeffektar og foto ser unektelege lekkert ut, og actionsekvensane like så. Kanskje det ikkje alltid ser ekte ut, men det passar til filmen sin måte å angripe forløpet på. _Alpha_ var ein film eg hadde tenkt lenge på å sjå, og som absolutt levde opp til forventingane. Det er ikkje ein topp film, men er solid som både underhalding og action.