
Rabbit Hole
- År: 2010
- Land: United States of America
- Sjanger: Drama
- Ettromsleilighet: Olympus Pictures, OddLot Entertainment, Blossom Films
- Nøkkelord: loss of loved one, support group, trauma, marriage, based on play or musical, grief, memory, crying, parking lot, therapy, car seat, death of a child
- Regissør: John Cameron Mitchell
- Cast: Nicole Kidman, Aaron Eckhart, Dianne Wiest, Miles Teller, Tammy Blanchard, Sandra Oh
Eit par har mista sonen sin, og har ei hard stund i lengre tid etter tapet. Handlinga i *Rabbit Hole* byrjar åtte månader etter ei ulykke, og tar for seg eit vendepunkt i sorga. Nicole Kidman og Aaron Eckhart leiar an i det John Cameron Mitchell-regisserte dramaet. Ein film som evnar å verte meir enn ei stjernespekka sak. Eg opplever at filmen har alt frå fleire minneverdige enkeltscener til å skape sin eigen fine flyt og ei god, men trist stemning rundt behandlinga av eit tema eg har sett mange gonger før. Med andre ord framstår *Rabbit Hole* som ein film som gjer ein god jobb ved å vere ein god, men uoriginal film. Tanken i heile tatt om at originalitet er viktig har eg slått frå meg for mange år sidan. Det er likevel verdt å nemna at det er ulike grader av kor godt ein film behandlar kjente og uoriginale tema. *Rabbit Hole* har stått på lista mi over filmar å sjå ei god stund, utelukkande på grunn av at det er ein film av John Cameron Mitchell. Ein filmskapar som eg alltid vil hugse for den fantastiske *Hedwig and the Angry Inch*. Så lenge har eg utsett å sjå *Rabbit Hole* at eg var usikker på kva det var eg skulle sjå. Men eg forventa meg ein dyster film. *Rabbit Hole* er nesten heller eit lyspunkt av ein film om ei trist historie, formidla på alvorleg vis.