
Battle for the Planet of the Apes
- År: 1973
- Land: United States of America
- Sjanger: Action, Science Fiction
- Ettromsleilighet: Apjac International, 20th Century Fox
- Nøkkelord: dystopia, post-apocalyptic future, ape
- Regissør: J. Lee Thompson
- Cast: Roddy McDowall, Natalie Trundy, Austin Stoker, Severn Darden, Claude Akins, Paul Williams
Så er eg ved vegs ende. I 1973 kom den femte og siste filmen i *Planet of the Apes*-serien. *Battle for the Planet of the Apes* knyt saman nokon av trådane frå tredje og fjerde film. Desse blir knytt saman med første og andre film på eit vis. Men trass i eit forsøk, så er det ikkje godt nok. *Battle for the Planet of the Ape* er ingen elegant film, meir ein elefantfilm, utan tyngde. Med unntak av ei scene der apane besøker ruinane av ein storby speler handlinga seg ut på eit jorde ved ein skog og under grunnen i storbyen. Det einaste spektakulære miljøet som blir presentert er ruinane som apane passerer ved besøket til storbyen. Eg spekulerte for meg sjølv om det var her budsjettet på 1,7 millionar dollar hadde gått, for til resten av filmen så det ikkje ut som at det var. For å ta et steg tilbake, *Battle of the Planet of the Apes* handlar om årene etter *Conquest of the Planet of the Apes*. Det har gått tjue år, ein større krig har herja og storbyen har blitt radioaktiv og uleveleg. Apane og nokon attlevande menneske lev i lag på eit jorde eit stykke ut på landet. Bufellesskapet er ikkje fritt for konfliktar, menneska blir undertrykte, sjimpansane og gorillaene har ulik oppfatning av kva styresett apane er best tent med. Problemet blir vanskelegare å løyse når ein trussel utanfrå viser seg. Det dukkar opp interessant historikk innimellom, saker og ting som kan vere med å bygge ut *Planet of the Ape*-universet. Men grunna mangelen på kvalitet i presentasjonen blir dette for den spesielt interesserte, eventuelt han som har sett for seg å sjå filmserien frå start til slutt. Det er ikkje dei største spørsmåla som blir svara på heller. Dette er den svakaste filmen i serien utan tvil, og ein stor nedtur frå *Conquest of the Planet of the Apes* som J. Lee Thompson òg stod for regien bak.