
Diner
- År: 1982
- Land: United States of America
- Sjanger: Comedy, Drama
- Ettromsleilighet: Metro-Goldwyn-Mayer, SLM Production Group
- Nøkkelord: new year's eve, gambling debt, baltimore, usa, diner, fake accident, twenty something, 1950s
- Regissør: Barry Levinson
- Cast: Steve Guttenberg, Daniel Stern, Mickey Rourke, Kevin Bacon, Tim Daly, Ellen Barkin
*Diner* er den første av dei fire *Baltimore*-filmane til Barry Levinson. Fire filmar som legg handlinga til Baltimore mellom 1940 og 1960, i perioden da Barry Levinson sjølv voks opp i byen. I *Diner* møter me ei gruppe unge menn og gamle venner som samlast att då ein av dei skal gifte seg. Handlinga speler seg ut i dagane før bryllaupet og skildrar vennskapen og livssituasjonen deira. *Diner* handlar om å skape ei tidsrett stemning, slik som *American Graffiti* gjorde i 1973. *Diner* er ein meir vaksen film, utan at det går på rekning av humoren i filmen. Det handlar om å halde fast på beste ved å vere ungdom. Det handlar om at fridomen ved å vere vaksen og kunne reflektere over ungdomstida ikkje er så dum. I tillegg er filmen humoristisk og stemningsfull. Det flotte med *Diner* er at han ikkje stressar bodskapen. I eit behageleg tempo tar eg det eg får. Filmen er på ingen måte kjedeleg. Og andre får sikkert sine meiningar ut av filmen. Det som eg nemner er det eg personleg sit att med. Som oppvekstfilm og eit 1950-talsportrett er *Diner* både til å anbefale og til å skryte av.