
Hellboy Animated: Blood and Iron
- År: 2007
- Land: United States of America
- Sjanger: Animation, Fantasy, Horror, Action, Thriller, Science Fiction
- Ettromsleilighet: IDT Entertainment, Film Roman
- Nøkkelord: vampire, superhero, sequel, based on manga, adult animation, hecate
- Regissør: Tad Stones, Victor Cook
- Cast: Ron Perlman, Selma Blair, Doug Jones, John Hurt, Peri Gilpin, J. Grant Albrecht
*Hellboy Animated* var ei kortvarig satsing på animerte *Hellboy*-filmar. Det kom ut to filmar rett på video i perioden mellom *Hellboy* og *Hellboy II: The Golden Army*. Begge basert på teikneseriehistorier. Eg var ikkje spesielt begeistra for *Hellboy Animated: Sword of Storms* då eg såg han tidlegare, men gav likevel *Hellboy Animated: Blood and Iron* ein sjanse. Forventingane var altså låge, og filmen innfridde heller ikkje. Det er i og for seg ei heilt grei historie som blir fortalt, men eg blir aldri interessert nok i karakterane til at eg investerer all merksemd undervegs. Historia handlar om ein underjordisk gud som tar form som ein vampyr, som igjen heimsøker eit hus. *Hellboy* og hans støtteapparat drar dit for å etterforske saka. Historia er i grunn midt på treet. Men då eg ikkje lar meg engasjere av karakterane, forsvinn eventuell spenning i dei mange kampscenene i filmen. Dette er trass i alt ein animert actionfilm, og mykje handlar om å vise skapningar som slåst. Eg er nok ein kritikar av mykje animasjonsfilm, men veit at mykje bra også blir laga. Blant anna likar eg mange av filmane til *DC Universe Animated Original Movies*. Noko anbefaling av *Hellboy Animated* til kven det enn skulle vere har eg derimot ikkje, ikkje med atterhald heller.